Haakon Fretheim

Haakon Philip Fretheim.
Haakon Philip Fretheim (1854-1924) frå Flåm. Lege og hotelleigar. Han grunnla Hotel Vatnahalsen etter at Bergensbanen opna i 1909. Hotellet vart opphaveleg planlagt som tuberkulosesanatorium av Fretheim.
I mellomkrigstida vart hotellet rekna som eitt av dei beste høgfjellshotella i Noreg.
Like etter at tyskarane hadde konfiskert hotellet i 1940, brann det ned til grunnen, men vart seinare gjenreist.
Son til Torstein Guttormsen Fretheim.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.05.2011