Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Johannes Brun

Hans Johannes Brun.

Hans Johannes Brun.

Hans Johannes Brun (1826 - 1886) frå Hermansverk, busett i Aurland. Handelsmann, hotellvert og politikar. Kjøpte i 1848 garden Jordal ved Fjærlandsfjorden. Overtok i 1851 handels- og gjestgjevarstadane som faren Johan Herman Brun hadde bygt opp på Hermansverk og på Hanehaug i Leikanger.

Ordførar i Leikanger 1852 til 1853, då han kjøpte handelsverksemda til Knut Rosendahl på Vangen i Aurland og flytta dit. Rosendahl var onkel til Bruns ektemake. På Vangen utvida Brun det gamle butikklokalet som Rosendahl hadde nytta i «Juell-huset», og bygde straks etter eit hus som seinare vart kalla «Engelskbygningen» (også ”Lordabygningen”) fordi han tok imot engelsk reinsjegerar og laksefiskarar der. Juell-huset vart etter kvart utvikla til turisthotell.

I 1854 kom Brun med i Aurland kommunestyre, og fekk vedteke at det skulle byggjast ny veg gjennom bygda. I 1861 kjøpte han Vangen kyrkje av enkefru Marie Daae Christensen for 1200 specidalar, og starta restaurering. M.a. reiv han eit gamalt galleri og brukte bygningsdelar av dette til ei ny handelsbu - som no er den eldste delen i Brødrene Wangen si forretning på Vangen.

Kjøpte opp mange eigedomar

I 1874 bygde Brun dampskipskai og sjøbuer, og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Han var i tillegg poststyrar, dreiv mølle i Skjerdal, og hadde fargeri og garveri i Skinnarviki. Den store byggeaktiviteten gjorde at han hadde fast eit par snekkarar i arbeid, forutan både handelsbetjentar, tenestejenter og ein huslærar.

Brun var elles påpasseleg og kjøpe opp ei mengd gardar etter folk som drog til Amerika. Truleg rådde han etter kvart over bortimot 30 bruk. Hans Johannes Brun tente elles som kasserar for skule- og fattigstellet i kommunen, og var styrar for folkebiblioteket. Då Telegrafverket bygde den første telegraflina Oslo-Bergen i 1858, var Brun lokal kontaktmann for arbeidet i Aurland.

Etter at han brått døydde. måtte enkja Anne Marie (1833-1910) ta over og styre dei mangslungne eigedomane saman med ni born. Seinare overtok svigersonen Peter Johan Fretheim alle eigedomane, men i 1897 vart buet slege konkurs og delt opp ved tvangsauksjon.

Hans Johannes var bror til Johan Herman Brun og son til Herman Brun.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008