Hopp til innhold
X
Innhald

Hansens Hotell

Gudvangen Hotell

Eilert Meyer starta landhandel i Gudvangen i 1851. Han tok også imot overnattingsgjester.
I 1862 overtok trønderen Martinus Hansen eigedommen. I 1875 vert han omtala som hotelleigar, og han var dessutan dampskipskespeditør og skysstasjonshaldar i Gudvangen. I 1890-åra utvida han bygningen og kalla den for Hansens Hotell.

Gudvangen Hotell

I 1920 vart hotellet selt til tidlegare skreppehandlar, no handelsmann i Gudvangen, Lars Hylland, og sonen Olav Larsen Hylland. Dei endra no namnet til Gudvangen Hotell. Det vart Olav si slekt som skulle ta seg av hotelltradisjonane vidare. Under 2. verdskrig vart hotellet rekvirert til militært bruk av tyskarane. I 1951 overtok Olav Hylland eit anneks som Vikingvang Hotell (sjå Hellands Hotell ) hadde bygd på nedsida av vegen i Gudvangen og knytte annekset til drifta av sitt eige Gudvangen Hotell. Vikingvang Hotell på øvre sida av vegen vart kjøpt av Hans Martinussen Dræge som dreiv det kring ti år før det vart lagt ned for godt.

Gudvangen Fjordtell

Sonen til Olav Hylland, Leif O. Hylland, tok over som hotelleigar i 1957 og dreiv Gudvangen Hotell saman med ektemaken Emma fram til sonen, Olav Hylland jr. og ektemaken Torild tok over som eigarar i 1986. Dei la eigedommane inn under Gudvangen Hotelldrift AS og bygde Gudvangen Fjordtell som opna i 1991. Gudvangen Fjordtell har til saman 60 senger, restaurant for 300 gjester og ein uterestaurant med plass til 200.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011