Hopp til innhold
X
Innhald

Heimly Pensjonat

Heimly Pensjonat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Heimly Pensjonat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Heimly Pensjonat i Flåm vart starta i 1931 av Marta og Torstein Tokvam. Heimly fekk frå starten 49 senger og vart drive av Tokvam-familien fram til eit aksjeselskap med Ragnar Vidme i spissen tok over i 1991, og har sidan 1995 investert m.a. i ein moderne marina i Flåm sentrum - Flåm Marina.

I 2011 vart Heimly Pensjonat selt til Aurland Ressursutvikling AS.

Like ved dreiv Erik og Lovise Vangen ”Svingen Pensjonat” i nokre år frå 1938.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.07.2011