Hopp til innhold
X
Innhald

Hellands Hotell

Hellands Hotell.

Hellands Hotell.

I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde ”Hellands Hotell” like ved Schultz Hotell.
På nedsida av vegen dreiv han butikk. Ole døydde i 1882, 32 år gamal. På same vis som med det andre hotellet i bygda, vart det også her enkja, Brita Helland, som dreiv Hellands Hotell vidare i nokre år inntil ho måtte slå seg konkurs. Ein lærdøl som hadde kausjonert, slo til seg eigedommen, men i 1892 kom den tidlegare styrmannen Alfred Barclay Meidell inn som hotelleigar.

Vikingvang Hotell & Café med annekset til venstre. Foto: Beyer Touristbureau. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vikingvang Hotell & Café med annekset til venstre. Foto: Beyer Touristbureau. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vikingvang Hotel & Café i 65 år

I 1895 bygde Alfred Barclay Meidell på hotellet med ein matsal sørover og gjorde elles andre endringar og utvidingar på bygget, og no kalla han det Vikingvang Hotel & Café. I 1899 kjøpte direktøren på Stalheim Hotell, tyskaren Cristian Dinger, Vikingvang Hotel & Café i Gudvangen. Den neste eigaren og direktøren på Stalheim Hotell, bergensaren John Waler, overtok i Gudvangen i 1912 og dreiv til 1916. Stalheim Hotell AS fekk offisiell skøyte på hotelleigedommen i Gudvangen i 1918. Tidleg på 1950-talet vart hovudbygningen på Vikingvang Hotel & Café selt til kjøpmann Hans Martinussen Dræge, medan eit anneks på nedsida av vegen som høyrde til hotellet, vart kjøpt av eigarane av Gudvangen Hotell - det som tidlegare heitte Hansens Hotell – Olav og Leif Hylland. Hans M. Dræge la ned Vikingvang Hotel & Café kring 1960, medan Olav Hylland og hans slekt utvikla hotelldrifta i Gudvangen vidare til det som i dag er kjent som Gudvangen Fjordtell.

I dette huset heldt Vikingvang Hotell til. Foto: Åsmund Ohnstad. © Fylkesarkivet.

I dette huset heldt Vikingvang Hotell til. Foto: Åsmund Ohnstad. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.05.2011