Hopp til innhold
X
Innhald

Hiorth prøver å selje

I 1916 registrerte Fredrik Hiorth selskapet A/S Aurlandsfallene, og året etter freista han å få selt fallrettane i Aurland til Oslo Lysverker. Men dei hadde handla det dei førebels hadde trong for i Holvassdraget, og var ikkje interesserte i Aurland.

I 1919 freista kraftingeniøren til fylkeskommunen, Mollø Christensen, å få kommunane Lærdal, Borgund og Aurland til å samarbeide om utbygging av eit mindre kraftverk øvst i Lærdalselva. Krafta derfrå skulle brukast til ålmenn forsyning i dei tre kommunane. Men aurlendingane ville ikkje vere med. Dei hadde stor tru på Hiorth, og satsa på å få kraft til lokal forsyning frå A/S Aurlandsfallene.

Like etter 1. verdskrig sette den økonomiske krisa inn. Hiorth trekte seg ut, og fallrettane kom i hendene på finansfolk i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.11.2008