Hopp til innhold
X
Innhald

Høgfjellsgardar i Aurland

Husa på Nedbergo. På andre sida av fjorden ser vi Undredal. Foto: Anna Karine Marstein. © Fylkesarkivet.

Husa på Nedbergo. På andre sida av fjorden ser vi Undredal. Foto: Anna Karine Marstein. © Fylkesarkivet.

I Aurlandsdalen og elles låg det store høgfjellsgardar i gamal tid. Når folk døydde om vintrane og vart gravlagde, måtte dei vente til våren før presten kom seg opp og fekk lese messe over grava på høgfjellet.

Amerikanaren på fjellhylla

Langs fjordsidene i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden ligg høgdegardane oppe på karrige fjellhyller - ofte fleire hundre meter over fjorden. Den mest kjende er Stigen der eit ektepar frå USA og Bergen slo seg til på 1990-talet og starta gardsturisme. Frå badestampen ute på tunet kan turistane sjå rett ned i Aurlandsfjorden - fleire hundre meter under stampen! Les meir i artikkelen Gardsturisme i "uren, luren".

Farefull høyberging

Farefull høyberging

Livet på desse einbølte og stupbratte gardane i fjordsidene kunne vere farefullt. I bygdebøkene kan ein lese om mange som reiste utfor og slo seg i hel i hamrane. Avlinga vart samla i skorter og rivner på dei mest utrulege stader. På garden Nedbergo vert det fortalt om utmarkslåtter der folket berga inn høyet i små løer, og måtte gå med isbroddar når dei skulle bere høyet heim om vinteren for ikkje å falle utfor. Ein tur med høybør kunne på slikt føre ta opptil tre timar.

Høgdegarden Stigen ligg luftig til. Foto: Finn Loftesnes.

Høgdegarden Stigen ligg luftig til. Foto: Finn Loftesnes.

Løypestrengen brann opp

Løypestrengen var ei god hjelp når høyet skulle bergast ned gjennom stupbratte berg frå utslåttene. For å kunne bere opp tunge løypestrengar frå fjorden, var det ikkje uvanleg å kappe den opp i høvelege bitar som så vart lodda saman og strekt opp. I den nedste enden stod spelet som ein stramma stengen med.

Det var annsamt når høyet skulle bergast – kan hende litt for annsamt ein gong då folket på garden Hemri i Nærøydalen sende ned høyet på strengen frå den nedlagde garden Solbjørgo. Nede stod Bottolf Hemri og skulle ta av høybørene når dei kom. Men han var ikkje kvikk nok på labben, for den glovarme kroken som høyet hang etter på strengen gjorde at det fata eld i høybøra. Elden spreidde seg til spelet som brann opp, og strengen frå Solbjørgo ramla ned. Etter dette var det slutt på slåtten i Solbjørgo.

Flytte frå om vinteren

På Nedbergo valde folket frå kring 1900 å flytte inn til Undredal og bu der om vinteren. Sjølv om det var mykje ståk når buskapen skulle flyttast, vart det lettare å bu i Undredal der ungane gjekk på skule, enn å kave med farleg meinis på fjorden vinterstid. I april flytta dei så tilbake til Nedbergo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011