Hopp til innhold
X
Innhald

Hotel Vatnahalsen

 Hotel Vatnahalsen slik det såg ut før brannen i 1940.

Hotel Vatnahalsen slik det såg ut før brannen i 1940.

Hotel Vatnahalsen vart bygt av legen Haakon Philip Fretheim (sjå Haakon Fretheim) frå Fretheim i 1896. Hotellet var opphaveleg planlagt som tuberkulosesanatorium av dr. Fretheim, men han satsa i staden på turisme og reiseliv: Mange turistar kom til Flåm med "flytande hotell" og vart frakta opp til hotellet i stolkjerrer.

Hotellet vart utvida til 100 senger i 1909 då Bergensbanen opna.

I 1912 selde Haakon P. Fretheim hotellet til Edvard Holte som også satsa på vinterturisme. I 1917 overtok A/S Vatnahalsen hotellet og utvida til 115 senger.

Frå ein brosjyre for Vatnahalsen Hotell rundt første verdskrigen.

Frå ein brosjyre for Vatnahalsen Hotell rundt første verdskrigen.

Aksjeselskapet vart oppløyst i 1927, og Elsa og Torstein Brun Fretheim (sjå Fretheim Hotell) kjøpte hotellet. I 1927 fekk Fretheim også løyve til å selje landsøl til reisande frå ei bu i Myrdalsberget. I 1929 kjøpte overrettssakførar Kristian Tønneberg hotellet og skipa A/S Vatnahalsen Hotell. I 1931 overtok Fretheim-familien på nytt. I 1936 vart hotellet modernisert og fekk då ein kapasitet på 140 gjestar.

Vatnahalsen Hotell skulle brukast til soldatheim av tyskarane, men brann ned i 1940. Hotellet vart bygt opp att i 1954, då som Vatnahalsen Høgfjellshotell.

I 1983 tok Rigmor og Kjell Arne Aksnes over som vertskap, og dei kjøpte hotellet i 1984.

Vatnahalsen Høgfjellshotell i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatnahalsen Høgfjellshotell i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå også: Bergensbanen (Oslo-Bergen).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2010