Hopp til innhold
X
Innhald

Ingolf Elster Christensen

Ingolf Elster Christensen (1872–1943) frå Førde. Jurist og offiser. Fylkesmann og Høgre-politikar. Rekna som Flåmsbanas far.

Frå 1907 ekspedisjonssjef i Forsvarsdepartementet. Fylkesmann (amtmann) i Sogn og Fjordane 1910–1929. Fylkesmann i Akershus og Oslo 1929-1941. Frå krigsutbrotet 1940 formann i Administrasjonsrådet fram til september 1940. Stortingsrepresentant 1922-1924 og 1925-1927. Statsråd i regjeringa Lykke 1926-1928, først som justisminister, deretter som forsvarsminister. Svigerfar til seinare fylkesmann Nikolai Schei.

Samferdsle-forkjempar

Ingolf Elster Christensen markerte seg som ein dyktig fylkesmann og pådrivar i viktige saker som samordning og offentleg drift av rutebilar, utbygging av jernbanen og vegnettet, og utbygging av elektrisk kraft til alminneleg forsyning (sjå m.a. Ålfotsaka).

Ingolf Elster Christensen har mykje av æra for at det er jernbanestasjon i Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ingolf Elster Christensen har mykje av æra for at det er jernbanestasjon i Flåm. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

«Flåmsbanas far»

Christensen har fått sitt minnesmerke reist på Flåm stasjon, fordi han vert rekna som fremste forkjemparen for Flåmsbana som sidegrein til Bergensbanen. Lokalt var ordførar Ivar Sævartveit frå Flåm ein ihuga forkjempar for Flåmsbana.

Påtenkt som statsminister under krigen

Christensen var fylkesmann i Oslo og Akershus ved krigsutbrotet i april 1940. Ved skipinga av Administrasjonsrådet (forretningsministerium) 15. april 1940 vart fylkesmann Christensen vald til formann. Han var innstilt på samarbeid med tyskarane og ivra etter å finne ei ordning også under riksrådforhandlingane som fylgde.

I det påtenkte riksrådet vart han frå alle hald - også frå tyskarane - rekna som ein sjølvskriven statsminister. Då forhandlingane braut saman i september 1940 gjekk Christensen tilbake til fylkesmannsembetet i Oslo og Akershus og spela sidan inga politisk rolle. Han vart i 1941 avløyst som fylkesmann av NS-mannen Edvard Stenersen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.07.2018