Hopp til innhold
X
Innhald

Isvanskar i Nærøyfjorden

Dei store vassdraga i Aurland, Flåm og Gudvangen sender store mengder ferskvatn ut i dei tronge fjordane og får isen til å leggje seg tjukk langt utetter.

Heilt frå dei første postrutene mellom Bergen og Oslo starta, vert det fortalt om problema som isen i Nærøyfjorden skapte. Postmennene måtte ofte klive i livsfårlege berg og is langt ut med fjordsida før dei nådde ope vatn, og kunne levere postskreppa over til postroaren som tok den vidare til Lærdalsøyri. Når fjordisen vart for ille og ein ikkje kunne ro frå Dyrdal eller Styvi til Lærdal, hende det at postmennene tok med sekken over fjellet til Fresvik og rodde derifrå.

I 1920 vert det fortalt av rutebåten berre kom seg inn til Flenes, og måtte ekspederast ved iskanten.

I 1954 bygde Fylkesbaatane bilferja «Gudvangen» som var noko betre utstyrt enn andre skip i flåten til å bryte is. «Gudvangen» hadde oppgåver som isbrytar - særleg i indre Sogn - heilt fram til den vart teken ut av drift i 1980.

Redningsplanke på fjordisen

Det var vanleg at folket langs fjorden nytta skeiser som framkomstmiddel når fjordisen var trygg. I kalde vintrar på 1920-talet vart skeiser mykje nytta. Siste gong nokon frå Dyrdal gjekk rundt neset på fjellet Beitelen og inn Aurlandsfjorden, var kring 1925. For å vere sikre dersom uhellet var ute og dei trødde gjennom, gjekk skeiseløparane med ein lang staur i nevane. Med den kunne dei kare seg opp på isen att dersom dei gjekk gjennom.

Når folk gjekk til fots på fjordisen, var det elles vanleg å dra etter seg ein redningsplanke. Dette var ein fleire meter lang planke på kring 10 x 5 cm. Trødde dei gjennom, kunne dei berge seg opp på planken og krype over denne inn på trygg is. Isbåtar med meiar var også vanleg framkomstmiddel på fjordisen. (Les meir om isbåtane i ein annan artikkel).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2011