Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Gerhard Meidell sr.

Det gamle Meidell-huset vart rive i 1830, og sokneprest Ole Aabel bygde dette nye huset i empirestil på tufta - kalla Aabelheim. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell.

Det gamle Meidell-huset vart rive i 1830, og sokneprest Ole Aabel bygde dette nye huset i empirestil på tufta - kalla Aabelheim. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell.

Jakob Gerhard Meidell sr. (1686-1768) frå Telemark, busett i Aurland.

Offiser og «ættefar» for Meidell-slekta i Sogn, som seinare tok over embetsgarden Flesje - sjå: Fute- og offisersgarden Flesje. Han var utdanna i København, og kjempa som løytnant i det Urlandske Compagnie i den store nordiske krigen (1700-1722). Frå 1718 sjef for Urlandske Compagnie. Vart major i 1723, oberstløytnant i 1742 og oberst i 1754. Han slutta som offiser i 1863.

I Aurland budde han først på Vinjum, men flytta seinare til Vangen då husa på Vinjum brann i 1752. På Vangen budde oberst Meidell der det noverande bygget «Aabelheim» står. Meidell hadde ein eigen plass i ein staseleg stol på eit tre meter høgt podium under korbogen på Vangen-kyrkja, og er gravlagd under golvet i kyrkja. Far til Jakob Gerhard Meidell jr..

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008