Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Larsen Drægelid

Jens Larson Drægelid, foto frå Aurland bygdebok.

Jens Larson Drægelid, foto frå Aurland bygdebok.

Jens L. Drægelid (1814-1900) frå Dyrdal var den mest kjende bygdedokteren på Vestlandet på 1800-talet.

«Sjukehus» med ti senger

Opptil 40 pasientar om gongen kunne søkje han i den einbølte grenda ved Nærøyfjorden. Difor bygde Drægelid eit eige ”sjukehus” med 10 overnattingsplassar for å kunne ta imot pasientane sine.

Ektemaken stanga utfor stup

Då ektemaken Synneva vart stanga utfor ein hammar og døydde i 1873, flytta Jens frå garden sin oppe i Drægeli og ned til Dyrdal ved sjøen.

Laga urtemedisin

Drægelien hadde skaffa seg store kunnskaper om korleis ulike urter kunne lækje ulike sjukdomar, og han laga sjølv salvar og kokte ut ekstrakt av planter. I eit område tre kilometer utmed stranda frå Dyrdal fann han mange av plantene på ein stad som han kalla ”Alle-slag-skori”. Han var særleg kjend for å ha godt handlag med sår, slag og beinbrot.

Dette var sjukehuset til Drægelid.  Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Dette var sjukehuset til Drægelid. Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Omtykt og respektert

Det er tydeleg at den sjølvlærde naturlegen i Dyrdal har vore ein omtykt og respektert mann, for då den aldrande Drægelid i 1893 søkte amtstinget om eit årleg honorar for ”den lange og møisommelige Gjerning” han hadde utført, vart han støtta av kommunestyra i Aurland, Leikanger og Balestrand. Amtstinget gav likevel avslag. Gav dei slik støtte, kunne dei verte skulda for å legitimere kvakksalveri.

Drægelid fekk i stand eit lite hospital i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Drægelid fekk i stand eit lite hospital i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Fekk 100 kroner

Noko betre gjekk det då Drægelid tre år seinare søkte om ein eingongsstønad til verksemda si. Den lokale ordføraren frå Aurland gjekk god for den innsatsen som Drægelid hadde gjort, og med knappast mogeleg fleirtal gav amtstinget Jens Larsen Drægelid 100 kroner i påskjøning.

Andre kjende bygdedokterar

var Mattis Olson Loen (Stryn kommune), Henrik Sæla (Førde kommune), Jakob Kvellestad (Naustdal kommune) og Rasmus Ryssdal - «Gamle-Ryssdalen» (Gloppen kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.06.2012