Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Pederson Lunde

Jens Lunde.

Jens Lunde.

Jens Pederson Lunde (1884-1974) frå Aurland. Bonde, skulestyrar og Bondeparti-politikar.
Gjekk Sogndal Folkehøgskule 1901 - 1902, jordbruksskule på Rikheim (Lærdal) 1902-1903, eksamen ved Norges Landbrukshøgskole 1907.

Fylkesagronom og skulestyrar

Arbeidde som fylkesagronom i Sunnfjord frå 1912 til 1917, då han overtok farsgarden i Aurland og starta ein privat landbruksskule, seinare kjend som Sogn jord- og hagebruksskule. Denne skulen styrde han til 1923, då han vart landbrukssekretær og seinare landbrukssjef i Sogn og Fjordane.

Tillitsverv

Lunde hadde ei mengd tillitsverv i kommunen, og var også formann i indre Sogn krins av Norges Bondelag. Vararepresentant på Stortinget 1931 - 1945, og fast representant 1945 - 1953. Lunde var ordførar i Aurland i fleire periodar mellom 1926 og 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.05.2011