Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbanen i Aurland

Flåmsbana er einaste jernbanen i Sogn og Fjordane - trass i at ein kring 1. verdskrig planla jernbane-nett over heile fylket. Stortinget vedtok bygging av Flåmsbana i 1908, men den vart ikkje opna før i 1940.

Tannstangsbane Stalheim-Gudvangen

Den smalspora jernbanen Vossabanen opna i 1883, og førte til auka turisttrafikk over Gudvangen. Den aktive ingeniøren Jens Sigfred Hopstock søkte i 1895 saman med nokre engelskmenn om å få byggje privat jernbane Voss-Stalheim.

Bergensbanen (Oslo-Bergen)

Alt i 1875 gjekk den første norske jernbanekommisjonen inn for at jernbanen mellom Oslo (den gong Christiania) og Bergen skulle byggjast etter ei høgfjellsline Hallingdal-Voss. I 1884 vann «høgfjellsalternativet» Voss-Myrdal-Finse, og Bergensbanen vart opna i 1909.

Flåmsbana

Amtstinget reiste i 1904 krav om at det vart bygt sidespor frå Bergensbanen til Flåm. Stortinget gjorde vedtak om bygging i 1908, men først i 1940 vart Flåmsbana teken i bruk. Flåmsbana frå Flåm stasjon til Myrdal med stopp ved Kjosfossen er eit av Noregs fremste turistmål.

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Det var ei tid planar om å byggje jernbane mange stader i fylket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2008