Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Vinjum

Måleri av Johannes Vinjum med motiv frå Aurlandsfjorden. (utsnitt) © Blomqvist Kunsthandel.

Måleri av Johannes Vinjum med motiv frå Aurlandsfjorden. (utsnitt) © Blomqvist Kunsthandel.


Johannes Vinjum, (1930-1991) frå Aurland, busett i Oslo. Kunstmålar og grafikar.

Johannes Vinjum, (1930-1991) frå Aurland, busett i Oslo. Kunstmålar og grafikar.

Vinjum vert rekna som ein av dei store biletkunstnarane frå Sogn og Fjordane. Han debuterte på Statens haustutstilling i 1954. Han har hatt fleire separatutstillingar i Oslo og delteke i fleire store internasjonale utstillingar.

Representert i m.a. Nasjonalgalleriet. Var festspelutstillar i Bergen i 1984.

Vinjum fekk bygd eit lite atelier på Aurlandsvangen der han arbeidde når han vitja heimbygda.

Ei stor testamentarisk gåve frå kunstnaren til Aurland kommune utgjer Vinjum-galleriet i det gamle heradshuset på Aurlandsvangen som opna i 1993. Samlinga innheld vel 120 bilete.

Motiv frå Aurlandsvangen 1950 (utsnitt).

Motiv frå Aurlandsvangen 1950 (utsnitt).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011