Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Ø. Underdal

Jon Ø. Underdal (1890-1969) frå Undredal. Bonde og politikar. Han var aktiv i lokalpolitikken i kring 40 år, derav ordførar i Aurland frå 1946 til 1960.

Han stod sentralt i bygginga av kraftverket i Undredal på 1930-talet, og fekk fylkestinget med på å gje Undredal vegutløysing til Flåm langs stranda. Arbeidet kom i gang i 1956, men vart stogga etter tre års drift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008