Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Wessel Crøger

Radikal

Jonas Wessel Crøger (1807-1867) busett i Aurland. Prest og lærar. Tenestegjorde som kapellan i Aurland på 1830-talet, medan Ole Aabel var sokneprest.

Radikal

Crøger var radikalar og dreiv ein liten skule der fem unge menn som seinare vart kalla «Crøgerkarane» gjekk. Desse var Elling Vikesland, Sjur Loven, Eirik Otternes, Knut L. Lie og Torstein Wangen.

Bondevenrørsla

Crøger-karane. Frå v. Elling Vikesland, Sjur Loven, Eirik Otternes,Knut L. Lie og Torstein Wangen. Foto frå Årbok for Sogn 1993.

Crøger-karane. Frå v. Elling Vikesland, Sjur Loven, Eirik Otternes,Knut L. Lie og Torstein Wangen. Foto frå Årbok for Sogn 1993.

Desse slutta seg til bondevenrørlsa, og bad i eit opprop i 1876 aurlendingane støtte stortingsmann Søren Jaabæk med pengar i kampen mot embetsveldet og større makt til bøndene. Crøger vart den første ordføraren i Aurland kommune i 1838.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008