Hopp til innhold
X
Innhald

Kong Sverre på villstrå i Aurlandsfjella

Kong Sverre i uveret i fjellet over Flåm.

Kong Sverre i uveret i fjellet over Flåm.

Kong Sverre gjorde fleire reiser aust-vest gjennom Sogn. I 1177 kom kongen og mennene hans ille ut i fjellet ovanfor Flåm.

Ved Flåmsstølane tok dei feil av vegen ned til bygds, og vart gåande i fleire dagar i fjellet i snøstorm og uvêr før dei berga seg ned Frondalen. Her tok mennene inn på stølane Lintu og Haosete, medan kong Sverre Sigurdsson sjølv fekk overnatte på garden i Frondalen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018