Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Aurland

Kong Oscar II

Kong Oscar II

vitja Gudvangen i 1879. Kongen var då på ei rundreise på Vestlandet, og kom til Gudvangen frå Voss. Frå Gudvangen reiste han vidare til Fjærland, Leikanger og Lærdal.

Kong Haakon VII og dronning Maud

vitja Gudvangen i 1906 etter kroninga i Nidarosdomen. Dei nytta hurtigruteskipet D/S ”Mira” som ”kongeskip” og vitja også Loen, Olden, Måløy, Florø og Balestrand på veg sørover kysten. I Gudvangen ville dei kongelege reise med hesteskyss over til Voss, men måtte gjere vendereis p.g.a. uvér. Det nye kongeparet vitja og Flåm i 1914. Dei vart skyssa frå Myrdal jernbanestasjon i ein lang hestekaravane til Flåm, der dei tok panserkipet «Norge» ut Sognefjorden.

Kong Harald V

vitja Aurland i samband med opning av Lærdals-tunnelen 27. november 2000. Kongen og dronning Sonja vitja Aurland i samband med ei stor rundreise i Sogn i 2002 som elles omfatta Årdal, Vik, Balestrand, Hyllestad og Gulen.

Dronning Sonja

Dronning Sonja i Nærøyfjorden i 2006. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Dronning Sonja i Nærøyfjorden i 2006. Foto frå tv-reportasje, NRK.

vitja Aurland den 10. juni 2006 i samband med markeringa av at Nærøyfjorden er teken med på UNESCO si verdsarvliste. Av utanlandske monarkar var det særleg

Keisar Wilhelm II

av Tyskland som vitja Gudvangen, første gong i 1889. Sidan var han i mange år gjest i bygda. Han budde på Stalheim Hotell under desse vitjingane.

Dronning Wilhelmina

av Nederland gjesta Gudvangen første gong i 1921. Ho vitja bygda fleire gonger seinare, sist saman med dottera, dronning Juliana, i 1955.

Folksamt i Bakka under dronningbesøket. På fjorden ligg kongeskipet Norge. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Folksamt i Bakka under dronningbesøket. På fjorden ligg kongeskipet Norge. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011