Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygginga i Aurland

Store kraftmaster i Låvisberget. Det meste av krafta frå Aurland går austover til Oslo-området. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Store kraftmaster i Låvisberget. Det meste av krafta frå Aurland går austover til Oslo-området. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland er ein av dei retteleg store kraftkommunane i Noreg. Dei store fallhøgdene i Aurlandsvassdraga lokka til seg snedige fossespekulantar som kjøpte opp fallrettane kring 1900. Men utbygginga og konsesjonsinntektene som fylgde med, lét vente på seg. Og då Oslo Lysverker endeleg tok til å byggje ut Aurlands-falla på 1970-talet, vekte naturinngrepa i den vakre Aurlandsdalen mykje motstand.

Nokre av dei første kraftstasjonane i Sogn og Fjordane vart bygde langs Flåmsvassdraget i samband med at anlegget av Bergensbanen kring 1900 kravde elektrisk straum. Fallrettane i Aurlandsdalen og tilgrensande vassdrag vart i tida frå 1911 til 1917 kjøpte opp, og seinare tekne over av Oslo Lysverker, som etter mykje nasjonal strid bygde ut kraftanlegga på 1970-80-talet. Deler av den vakre Aurlandsdalen vart verna frå dei hardaste inngrepa.

Den første kraftstasjonen

Bygginga av Bergensbanen kravde elektrisk straum, og dermed vart Kjosfossen bygd ut.

Fossespekulanten Hiorth

Kring 1916 hadde Fredrik Hiorth sikra seg kontrollen over det meste av dei store vassfalla kring Aurland.

Kraftliner i Låvisberget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftliner i Låvisberget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsvassdraget vert selt til Oslo

Under andre verdskrigen kjøpte Oslo kommune fallrettane i Aurlandsvassdraget.

Striden om Aurlandsdalen

Striden om Aurlandsdalen frå 1969 og utover var den første store nasjonale konfrontasjonen mellom naturvernarar og utbygginginsteresser.

Kraftutbygging og anleggsdrift

Anleggsdrifta nådde toppen i 1977, då det var 880 mann i sving på anlegga.

Ålmenn kraftforsyning i Aurland

Kraftverket i Kjosfossen, bygd av Staten i 1898 var lenge det einaste kraftverket i Aurland.

Administrasjonsbygningen til E-CO Vannkraft i Vassbygdi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Administrasjonsbygningen til E-CO Vannkraft i Vassbygdi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011