Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Aurland

Tyske krigsskip på Aurlandsfjorden. Foto: Mittet.

Tyske krigsskip på Aurlandsfjorden. Foto: Mittet.

Militærvesenet sette sitt preg på Aurlandsvangen på 1700-talet. Ved utbrotet av 2. verdskrig vart dei strategisk viktige samlingspunkta for norske tropper bomba av tyske fly, og menneskeliv gjekk tapt.

Aurlandske Compagnie

Aurlandsvangen var eksersisplass for Aurlandske Compagnie på 1600-1700-talet, og fleire offiserar budde fast i bygda.

Aurlandsvangen hadde vektar

I eldre dagar vart det tilsett vektarar i mange bygder i fylket - særleg der det var ein noko tettare busetnad.

Like før første verdskrigen var situasjonen i Europa så spent at norske styresmakter sende marinefarty til Gudvangen for å passe på turisttrafikken. Ukjend fotograf. Foto frå Aurland bygdebok.

Like før første verdskrigen var situasjonen i Europa så spent at norske styresmakter sende marinefarty til Gudvangen for å passe på turisttrafikken. Ukjend fotograf. Foto frå Aurland bygdebok.

Kong Haakon VII og dronning Maud

vitja Flåm i 1914. Dei vart skyssa frå Myrdal jernbanestasjon i ein lang hestekaravane til Flåm. Frå Flåm tok dei panserskipet «Norge» ut Sognefjorden.

Adolf Hitler ved Beitelen i 1934.

Adolf Hitler ved Beitelen i 1934.

Hitler på vitjing i Aurland

I 1934 var Adolf Hitler på ”hemmeleg” vitjing i Sognefjorden som gjest om bord i krigsskipet ”Deutschland”. Endepunktet for den korte visitten var Aurlandsfjorden. – Les meir i artikkelen Adolf Hitler vitja Sogn under Sogn og Fjordane fylke, krigshistorie.

Det var mange som dreiv med illegalt arbeid under krigen som søkte tilflukt på einbølte gardar i Aurland. På Nedberge budde det ei tid to  bergensarar, som her pratar med husbonden Ola Nedberge og drengen Peder Kroken. Foto utlånt av Idunn Nedberge Hille.

Det var mange som dreiv med illegalt arbeid under krigen som søkte tilflukt på einbølte gardar i Aurland. På Nedberge budde det ei tid to bergensarar, som her pratar med husbonden Ola Nedberge og drengen Peder Kroken. Foto utlånt av Idunn Nedberge Hille.

2. VERDSKRIG:

Bombinga av Flåm og Gudvangen

Under krigsutbrotet i april-dagane 1940 vart både Flåm og Gudvangen bomba. Grunnen var at begge stader var sentrale punkt for transport av soldatar og sivile mellom Aust- og Vestlandet.

Lensmannen knuste robåtar

I forvirringa dei første dagane etter krigsutbrotet, fekk lensmannen i Aurland ordre om å knuse alle robåtar i Flåm og Aurland.

Toget som ikkje let seg stogge

Den 9. april 1940 fekk jernbanearbeidarar oppe på fjellet ordre om å sperre Bergensbanen. Men strategien dei valde slo feil.

Anleggsarbeid på Flåm stasjon i 1942. Foto: A. B. Wilse.

Anleggsarbeid på Flåm stasjon i 1942. Foto: A. B. Wilse.

Fullførte Flåmsbana

Tyskarane sette fart i arbeidet med fullføring av Flåmsbana, som hadde stor strategisk betydning. Den vart opna i 1940.

Frå ei tysk gravferd i Flåm.

Frå ei tysk gravferd i Flåm.

Russarfangar i Flåm

Kring Flåm vart det bygt fleire skytestillingar, og i Fretheimshaugane vart det bygt bunkersanlegg.

Kaserne på Vatnahalsen

Vatnahalsen hotell, som vart teke i bruk som kaserne av tyskarane, brann ned 23. juni 1940.

Flugebinding vart ”krigsindustri”

I Undredal sat "heile bygda" og batt fluger.

Rømling og tortur i Nærøydalen

Lars Skjerping vart torturert fordi han tok seg av ein ettersøkt motstandsmann.

Falne og omkomne frå Aurland

Tre menn frå Aurland omkom på havet under andre verdskrigen.

Folk frå Aurland i tysk fangenskap

12 personar frå Aurland sat kortare eller lengre tid i tysk fangenskap.

Andre historiesider:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2013