Hopp til innhold
X
Innhald

Kunstnarane i Aurland og Gudvangen

Fra Undredal i Sogn, måla av Even Ulving. © Blomqvist Kunsthandel.

Fra Undredal i Sogn, måla av Even Ulving. © Blomqvist Kunsthandel.

Den ville og vakre naturen kring Nærøyfjorden, Gudvangen og Aurland har lokka til seg mange kjende norske og utanlandske kunstnarar.

Eitt av dei meste kjende Aurlandsmotiva er av den danske kunstaren Johannes Flintoe; eit stikk der eit reisefylgje nyt utsikta mot Bjønnastigen i Aurlandsdalen og ned mot Nesbøvatnet. Flintoe har elles teikna ei mengd skisser og akvarellar frå Aurland.

- Les meir om Flintoe i artikkelen: Kunstnarane i Kroken.

I. C. Dahl

som stamma frå Gulen, har måla eitt av dei mest kjende motiva sine ”Frå Stalheim” med utsyn mot Jordalsnuten og nedover Nærøydalen, og han har også måla eit motiv frå Flåmsdalen.

- Les meir om Dahl i artikkelen: Kunstnarane i Kroken.

I.C. Dahl: Fra Stalheim. © Nasjonalgalleriet.

I.C. Dahl: Fra Stalheim. © Nasjonalgalleriet.

Thomas Fearnley

har m.a. måla eit bilete av fiskarar ved Aurlandselvi. Han har også måla eit kjent bilete frå gardstunet på garden Steine i Vassbygdi, og frå Fetane har Fearnley laga ei teikning der ein ser oppover dalen mot gardane Neset og Fetane. Thomas Fearnley og I.C. Dahl har truleg reist saman kring om i sognebygdene.

- Les meir om Fearnley i artikkelen: Kunstnarane i Kroken.

Thomas Fearnley: Fra Aurland i Sogn. © Nasjonalgalleriet.

Thomas Fearnley: Fra Aurland i Sogn. © Nasjonalgalleriet.

Gerhard Munthe

frå Elverum, som hadde næraste slekta si i Kroken i Luster, vitja også Aurland fleire gonger. Han måla m.a. motiv frå Aurlandsvangen. Aurland sin eige store kunstnar, Johannes Vinjum, har sjølvsagt måla ei mengd bilete frå heimbygda.

Gudvangen, som i eldre tider var eit av dei viktigaste knutepunkta for reiselivet i vestlandsfjordane, har vorte måla av ei mengd norske og utanlandske kunstnarar.

Anders Askevold er ein av kunstnarane som vart inspirert av naturen i Nærøyfjorden.

Anders Askevold er ein av kunstnarane som vart inspirert av naturen i Nærøyfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011