Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjene i Nærøyfjorden

Bakka kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bakka kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bakka kyrkje i Nærøyfjorden vart bygd i 1859. Arkitekt Chr. H. Grosch.

Byggmeistrar var Ole O. Løen og Rasmus Nøstdal frå Eid. Altartavla er måla av Nils Bergslien – ein av dei tre kjende Bergslien-kunstnarane frå Voss. Ein annan kjend vossing, Magnus Dagestad, som m.a. var arkitekt for ei mengd ungdomshus, er meister for ramma på altartavla. I sakristiet står krossen som opphaveleg var brukt på altaret – både krossen og kyrkjeklokka er frå byggjeåret 1859.

Privat kapell på Arnehus?

Ei segn fortel at det på Kolgrov på garden Arnehus vest for Nærøyfjorden skal ha stått ei lita kyrkje. Er dette rett, er det mest truleg snakk om eit privat kapell, slik det var vanleg at mange velståande bygde på gardane sine i mellomalderen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011