Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Aurland

Vangen kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vangen kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På Aurlandsvangen står den ruvande steinkyrkja som vert kalla ”Sognedomen”. Dette er den største steinkyrkja i Sogn. På haugen bak Vangen kyrkje låg stavkyrkja på Rygg som var ei av hovudkyrkjene i Sogn i mellomalderen.

Mellomalderkatedralen på Vangen

Vangen kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet, og er den største steinkyrkja i Sogn.

Nordens minste stavkyrkje

Undredal stavkyrkje vart bygd i 1147.

Frå ein konsert i kyrkja i Undredal under geitostfestivalen i 2011. Foto: Anna Karine Marstein.

Frå ein konsert i kyrkja i Undredal under geitostfestivalen i 2011. Foto: Anna Karine Marstein.

Fjordungskyrkja på Rygg

På garden Rygg like ovanfor Vangen stod det i mellomalderen ei stavkyrkje, første gong nemnd i 1322. Ryggkyrkja stod fram til kring 1574 og var ei av dei fire fjordungskyrkjene i Sogn ved sidan av Stedje i Sogndal, Hopperstad i Vik og Tønjum i Lærdal. På Rygg er det reist ein minnestein på den gamle kyrkjetufta.

Riddarkappa på Flåms-altaret

Flåm kyrkje vart bygd i 1670. Byggmeister Magne Essen.

Kyrkjene i Nærøyfjorden

Bakka kyrkje i Nærøyfjorden vart bygd i 1859. Arkitekt Chr. H. Grosch.

Anleggskyrkje på Myrdal

I samband med bygginga av Bergensbanen kring 1900, vart ei brakke på Leite ved Myrdal stasjon innreia til anleggskyrkje. Etter ein brann i skulehuset vart kyrkjebrakka på leite nytta som skulestove frå 1911 til nytt skulehus stod ferdig i 1921.

Gravstaden i Aurlandsdalen

Gravplass frå 1858. Om nokon døydde vinterstid var det vetlaus gjerning å leggje ut på gravferd ned til Aurland.

Bakka kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Bakka kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2012