Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Aurland

Frå eit IOGT-stemne i Aurland før 1920. Ukjend fotograf, eigar Marta Stokkenes. © Fylkesarkivet.

Frå eit IOGT-stemne i Aurland før 1920. Ukjend fotograf, eigar Marta Stokkenes. © Fylkesarkivet.

Her er nokre av laga og organisasjonane i Aurland tekne med.

Flaams Missionsforening

vart skipa i 1869 av Torkel Johansson Indrelid. Etter nokre passive år vart laget teke opp att i 1890.

Skyttarlag i Aurland

I Aurland er det stor aktivitet i dei mange skyttarlaga. Det første, Aurland Skyttarlag, vart skipa i 1872.

Flaams Afholdsforening

vart skipa i 1881 etter opptak frå sokneprest Juul. Men laget praktiserte totalfråhald for medlemane og vart lagt ned etter berre eitt års drift.

Floms Ynglingeforening

vart skipa som ”samtalelag” og ”ungdomslag” i 1885.

Flåm Ungdomslag

– sjå Floms Ynglingeforening.

Aurland Ungdomslag

vart skipa midt på 1880-talet, truleg i 1886 med lærar Lasse Bjordal som første formann, og med sokneprest Eilert Patrick Juell som ei bærande kraft gjennom dei første 30 åra.

Fråhaldslag i Aurland

Aurland Fråhaldslag vart skipa i 1886. Men alt på 1840-talet var det starta ei «måteholdsforening» i bygda.

Religiøst liv i Aurland

Aurland fekk tidleg kontakt med den religiøse rørsla kring Hans Nielsen Hauge.

Medlemer i Underdal Ungdomslag i 1925.

Medlemer i Underdal Ungdomslag i 1925.

Underdal Ungdomslag

vart skipa i 1906 og bygde ungdomshus i 1926. I samband med at bygda kravde vegutløysing i 1979 laga ungdomslaget revy som dei turnerte med i sognebygdene og Oslo.

Aurland Songlag

vart skipa i 1909 av lærar Erling Torkildsen.

Aurland Idrettslag

vart skipa i 1921. Det er også idrettslag i Flåm og Gudvangen. Aurlandshallen vart opna i mars 2009.

Flåm Songlag i 1948.

Flåm Songlag i 1948.

Flåm Songlag

vart skipa i 1923 av lærar Hans Hagen. Songlaget vart lagt ned i 1943.

IOGT-losje Flåmsdølen

vart skipa i 1927 av Ole A. Haugen.

Aurland Musikklag i 1960.

Aurland Musikklag i 1960.

Aurland Musikklag

vart skipa i 1928 etter opptak frå Aurland Ungdomslag, som kjøpte inn dei 10 første instrumenta. I 1945 vart Aurland Juniormusikklag skipa, og i 1953 eit gutemusikklag. Dette var forløparen til dagens skulemusikk. Musikklaget fekk også eit eige støttelag - «Musikkens venn» i 1952.

Aurland Sogelag

Aurland Sogelag

vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS og bygde der opp «Sivlesamlinga».

Flåm Musikklag

vart skipa i 1933.

Undredal Songlag

vart skipa av John Thunshelle i 1945 og var i drift til kring 1950.

Aurland Bondekvinnelag

vart skipa i 1947. Laget har på det meste hatt kring 70 medlemer.

Aurland Husmorlag

vart skipa i 1949. Laget har m.a. halde symjekurs for born, husstell- og handarbeidskurs, og drive besøks- og handelsteneste på sjuke- og aldersheimen.

Aurland Røde Kors

vart skipa i 1952. Hjelpekorpset bygde eiga hytte i Kvammadalen på 1980-talet.

Undredal husmorlag

vart skipa i 1953.

Flåm Samfunnshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåm Samfunnshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåm Samfunnshus

vart bygd i 1954. Mykje av arbeidet vart utført på dugnad av bygdefolket.

Aurland Husflidslag

vart skipa i 1977, og har hatt kring 90 medlemmer.

Aurland Idretts- og Samfunnshus

vart bygt av eit privat selskap i 1979. Bak dette selskapet stod tre pengesterke Oslo-folk. Kommunen overtok bygget i 2000.

Aurland Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1987.

Venner av Flåmsbana

vart skipa i 1987 med lokomotivførar Edvar Ølmheim som leiar fram til 1995.

Undredal Grendalag

vart skipa i 1989 og har som føremål og fremje tiltak og utvikling i bygda. Laget har m.a. vore med i eit prosjekt for bygdeutvikling i Sogn og Fjordane på 1990-talet saman med fire andre bygder. Grendalaget har gjort opptaket til Geitostfestivalen, meldingsbladet Undredølen, sommarkafè i bygda og skiping av Produsentlaget Underdalsosten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2011