Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefiskarar til Gudvangen

Kleppar Ole Hansen  (t.v.) saman med ein engelsk laksefiskar i Gudvangen.

Kleppar Ole Hansen (t.v.) saman med ein engelsk laksefiskar i Gudvangen.

Dei første sportsfiskarane kom til Gudvangen kring 1870.
I 1874 vart det tinglyst ein avtale som gav M.T. Bugge retten til alt fiske i elva i 40 år. Avtalen vart forlenga i 1900 for 20 år, truleg med same leigar. I 1922 vart det gjort avtale med Hans M. Gran om leige av elva på ubestemt tid. Denne avtalen vart gjort uoppseieleg dei første 10 åra. I 1905 leigde fleire elveeigarar bort fiskerettane sine for 20 år til Johan Gran. Også bok- og papirhandlar Thorvald Beyer i Bergen leigde seg fiskerett i Næyøydalen frå 1914 og utover. Bergen Sportsfiskerlag og jakt- og fiskelaget på Voss har leigd i Nærøyelva. Etter at elveeigarlaget vart skipa i 1973 har dei 40 stengene stort sett vorte leigde ut til einskildpersonar. Rekordåret var 1980, då det vart fiska 1600 kilo laks i elva. Hølane på garden Hemre er rekna mellom dei beste. Her tok Bottolf Hemre fem laksar, alle på over 12 kilo, på ei helg. På 1980-talet vart det bygd klekkeri for elva i Nærøydalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011