Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Aurland

Coop Marked Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Coop Marked Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ordna etter oppstartår.

Vangen vert handelsstad

Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.

Aurlandsvangen sett frå Vinjum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsvangen sett frå Vinjum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Forbruksforening

vart starta kring 1875 og var eit samvirketiltak mellom bygdefolk som meinte det kunne vere på tide å bryte det handelsmonopolet som Brun-familien hadde på Vangen. Forbruksforeningen dreiv til 1890.

Andreas Jonsson Flåm

starta landhandel i Flåm i 1876. Han dreiv handelen til 1893.

Flaam & Co

landhandel og bakeri vart starta i Flåm i 1895 av Knut Olsson Flaam og Jon L. Loven.

Kaardal & Co

– sjå Flaam & Co.

H. Rognehaug

– sjå Flaam & Co.

Brødrene Wangen

vart starta i 1897 då Torstein Wangen kjøpte deler av konkursbuet etter familien Brun (sjå Rosendahl og Brun-epoken på Vangen).

ICA Nær Aurland

- sjå Brødrene Wangen.

Sjur A. Flåm

starta landhandel i Kårdalshagen i Flåmsdalen i 1897. Han var ein av i alt 15 personar som løyste handelsbrev for å selje varer til anleggsfolk i desse åra. I 1898 bygde han butikk på Myrdalsleitet like ved fossen. Her dreiv Flåm handel til 1909.

Heimdal & Co

landhandel vart starta i Flåm i 1898 av Guttorm Heimdal. Svogeren Jens Bottolvsson Dræge var medeigar fram til 1904. Guttorm Heimdal selde i 1920 til Hans Rognehaug (sjå Flaam & Co). Dræge dreiv frå 1900 til 1904 ein landhandel i eit sel på Lågheller, i nærleiken av Bergensbanen.

Hans Rognehaug

(1873–1956) frå Sogndal starta kring 1900 med landhandel og bakeri i Flåm. Men det vert fortalt at Rognehaug opparbeidde seg mykje gjeld fordi han let kundane krite for mykje. På 1930-talet gav han opp handelen. Sonen Nils Rognehaug, som hadde gjort det svært godt som hestehandlar, hjelpte faren ut av pengekrisa med å leggje 30.000 kontant på bordet.

Lars Hylland

starta landhandel i Gudvangen i 1901. Han hadde tidlegare drive som skreppekar, og dreiv også som skysskar i Gudvangen. Lars og sonen Olav Hylland kjøpte kjøpte i 1920 Hansens Hotell (sjå dette under Gudvangen Fjordtell). Butikken vart driven til 1991.

Skjerdal & Co.

landhandel vart starta av Ola T. Skjerdal og Torgeir Skjerdal i 1902.

Spar Aurland

- sjå Skjerdal & Co..

Birger Jensen Nedberge

kom frå Bjordal og skifta etternamn frå Hest til Nedberge då han gifta seg og flytta til Undredal. Der starta han landhandel i 1902.

A/S Fretheim Landhandleri

i Flåm vart starta ved kaia i Flåm i 1904 av Johannes Ø. Bergkvam. På 1920-talet selde han butikken til Fretheim Hotell som i 1934 registrerte firmaet som A/S Fretheim Landhandleri. Butikken var i drift til 1973.

Martinus Botolvsen Dræge

starta landhandel i Gudvangen i nokre år tidleg på 1900-talet. Seinare vart det også postkontor i huset. Sonen Hans Martinussen Dræge dreiv butikken til nokre år etter 2. verdskrig, og deretter Jens Nilsen Hæreid til midten av 1960-talet. Hans M. Dræge kjøpte i 1951 det tidlegare Vikingvang Hotell (sjå Gjestgjeveri og hotell i Gudvangen ), og dreiv det til kring 1960.

Underdalsbui. Foto: Undredal.no.

Underdalsbui. Foto: Undredal.no.

Endre Ø. Underdal

starta i 1919 landhandel i Undredal.

Underdalsbui

- sjå Endre Ø. Underdal.

Ola T. Skjerdal landhandel

skipa 1923 - sjå Brødrene Wangen 1875.

Flåm Samvirkelag

vart skipa i 1936.

Coop Marked Flåm

- sjå Flåm Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011