Hopp til innhold
X
Innhald

Lensmannen knuste robåtar

Robåtane i Aurland vart knuset av lensmannen.

Robåtane i Aurland vart knuset av lensmannen.

I forvirringa dei første dagane etter krigsutbrotet, fekk lensmannen i Aurland ordre om å knuse alle robåtar i Flåm og Aurland.

Truleg såg norske militære føre seg ein heil flåte med sogne-robåtar stemnde ut fjorden frå Flåm - fullasta med tyskarar som skulle invadere landsdelen!

Men sjølv om bakgrunnen for ordren verkar absurd, vart den likevel utført av den lokale lensmannen, som knuste kvar robåt langs strendene! Men i Undredal var det folk som tykte det var for ille å knuse gode båtar, og søkkte dei heller ned, slik at dei kunne bergast seinare. Ein robåt vart dregen fram i dalen og gøymt der.

På høgdegarden Nedbergo fekk dei lov å ha robåt fordi kona på garden venta barn, og det var naudsynt å ha robåt når jordmora skulle hentast. Men årane måtte dei gøyme godt i ei ur langt unna båten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011