Hopp til innhold
X
Innhald

Mange lokale skyssbåtar i Undredal

Ein av båtane som vart brukte til skyss på Nærøyfjorden vart kalla ”Purkao”. Biletet er frå kring 1915. Foto utlånt av Ema Hylland.

Ein av båtane som vart brukte til skyss på Nærøyfjorden vart kalla ”Purkao”. Biletet er frå kring 1915. Foto utlånt av Ema Hylland.

Undredal fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1859, men lenge vart båten ekspedert ute på fjorden, slik det også vart gjort på Aurlandsvangen. Undredal fekk skikkeleg kai i 1910. Ekspedisjonen vart lagd ned i 1992.

I 1948 kjøpte Peder Endresen Vindedal skuta ”Fram” som han dreiv som skyss- og fraktebåt mellom Undredal og andre veglause gardar langs fjorden. Sonen Sigurd Vindedal bytte over til den større båten ”Svanen ”, og kring 1970 til ”Kveldssol”. Denne siste vart nytta til skysskyss mellom Undredal og Vangen fram til vegsambandet til Undredal kom i 1987. ”Kveldssol” vart også nytta i avisruta til ”Bergens Tidende” frå Gudvangen og ut til ferja Flåm-Gudvangen. I 1989 vart ”Kveldssol” bytt ut med ”Hugo André”, og denne dreiv Sigurd Vindedal til han døydde i 1998.

I 1994 vart hurtigbåten ”Aurlandsfjord 1” kjøpt inn for å gå i skulerute frå Aurland til Sogndal og vart ført av sonen til Sigurd Vindedal, Svein Rune Vindedal.

Kaia i Undredal. Foto: Anna Karine Marstein.

Kaia i Undredal. Foto: Anna Karine Marstein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011