Hopp til innhold
X
Innhald

Militære sler seg ned på Vangen

Aurlandske Compagnie vart skipa på 1600-talet, nytta dei først eit område ved Vangen kyrkje som eksersisplass, og her stod også ein militær lagerbygning.

Kompanisjefen, oberst Jakob Gerhard Meidell sr., bygde seg hus der det kjende Aabelheim seinare vart reist. Og ein seinare kompanisjef, kaptein Mathias Juell, kjøpte seg eigedomar på Vangen og bygde eit hus - Juell-huset - som seinare skulle spele ein sentral rolle i utviklinga av Vangen som handelsstad og tettstad.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2008