Hopp til innhold
X
Innhald

Nils J. Ryum

Nils J. Ryum fødd 1936 i Flåm, busett i Trondheim. Dr. techn. og professor. Utdanna sivilingeniør. Forskar ved Sentralinstitutt for industriell forsking 1965-1970 og frå 1970 til 2003 professor ved NTH (NTNU) i Trondheim.

Ryum sitt spesialfelt har vore elektrometallurgi, og han vert omtala som ”aluminiumsteknologiens far” i Noreg. Han bygde opp og leia eit stort forskingssenter for aluminiumsteknologi i Trindheim, Institutt for materialteknologi.

Ryum vart tildelt Polyteknisk Forenings jubiléumspris i 2005 i samband med Hydro sitt 100-årsjubiléum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2010