Hopp til innhold
X
Innhald

Nordens minste stavkyrkje

Undredal stavkyrkje. Foto: NRK.

Undredal stavkyrkje. Foto: NRK.

Undredal stavkyrkje vart bygd i 1147. Kyrkja i Undredal skal vere Nordens minste stavkyrkje med berre 40 sitjeplassar og eit indre mål på 12 x 4 meter.

Kyrkjeklokka er frå 1100-1200-talet. Den spesielle lysekruna med hjortehovud er truleg frå mellomalderen. Undredals-kyrkja er rikt måla innvendig, m.a. med imitert stjernehimmel over kor og skip. Preikestolen, døypefat, brurestol og kneleskammel er frå 1600-talet.

Ei segn seier at garden Undredal var eigd av to systre ein gong i mellomalderen, og at den eine bygde stavkyrkja. Den andre systera bygde vatningsveitene i dalen.

Kyrkja vart heva

I 2012 starta eit omfattande arbeid med å berge kyrkja for ettertida. På grunn av ein svært låg grunnmur var det omfattande roteskadar på kyrkja. Alt i 1927 var det planar om å heve Undredal stavkyrkje, men først i 2012 vart det gjort.

Sommaren 2012 var kyrkja innpakka i plast medan restaureringsarbeidet pågjekk. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Sommaren 2012 var kyrkja innpakka i plast medan restaureringsarbeidet pågjekk. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Heile kyrkja vart jekka opp, og så vart det lagt ny grunnmur. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Heile kyrkja vart jekka opp, og så vart det lagt ny grunnmur. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2012