Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Aabel

Ole Aabel (1757-1852). Sokneprest i Aurland frå 1801 til 1849, då han var 82 år gamal! Det vert fortalt at han heldt si siste preike då han var 93 år gamal.

Dei siste åra av tenesta hadde han Jonas Wessel Crøger som kappelan. På den tida Aabel var prest, omfatta Prestegarden i Aurland 70 menneske - derav 10 husmenn og 10 tenarar. Ole Aabel var tippoldefar til den kjende skodespelaren Per Aabel.

Aabelheim

Kring 1830 reiv han det gamle «Meidell-huset» og bygde eit nytt hus i empirestil på tufta. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell. Huset har ei forseggjort fløydør mot hagen og midstilt ark på sjøsida, og har sidan vorte kalla «Aabelheim».

Det gamle Meidell-huset vart rive i 1830, og sokneprest Ole Aabel bygde dette nye huset i empirestil på tufta - kalla Aabelheim. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell.

Det gamle Meidell-huset vart rive i 1830, og sokneprest Ole Aabel bygde dette nye huset i empirestil på tufta - kalla Aabelheim. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.03.2009