Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Andreas Marius Ohnstad

Ole Andreas Marius Ohnstad, måla av Lars Osa. Eigar av foto: Eilert Vikesland/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ole Andreas Marius Ohnstad, måla av Lars Osa. Eigar av foto: Eilert Vikesland/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ole Andreas Marius Ohnstad (1847-1929) frå Ohnstad. Lensmann og hotelleigar. Utdanna som offiser og var lensmann i Aurland frå 1884 til 1912. I tillegg til storgarden sin på Ohnstad, arva han i 1918 to storgardar på Øvre og Nedre Fretheim og Fretheim Hotell i Flåm.

Ohnstad hadde ei mengd kommunale ombod, og gav 34.000 kroner til orgel i Vangskyrkja i 1926. Han gav elles store summar til gamleheim, bedehus og skytebane i Aurland.

Tildelt Borgardådsmedaljen i 1926.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2010