Hopp til innhold
X
Innhald

Opset Hotel

Opset Hotel.

Opset Hotel.

I 1896 bygde den polske jøden Krasnipolsky ein landhandel på Uppsete for å forsyne anleggsfolka på Bergensbanen. I 1902 flytta polakken, og Torstein Jonsson Fretheim tok over. I tillegg til handel, leide han også ut rom til reisande. I 1908 bygde han ut til Opset Hotel med senger.

Dømd for forsikringssvindel

I 1920-åra overtok sonen Jon T. Fretheim, men gjekk konkurs etter ei tid, og Signe Dønvold frå Nordland tok over. I 1931 brann Opset Hotel ned etter at hotellvertinna hadde leigd ein kar til å tenne på. Huset var overassurert, og rettssaka som fylgde, enda med at eigaren fekk eitt år og fire månaders fengsel og måtte dessutan betale ei dryg erstatning til Brannkassa. Hjelpesmannen fekk eitt års fengsel.

I 1939 bygde Arnfin O. Rekve frå Bulken Uppsete Fjellstove på branntomta. Fjellstova hadde plass til opp mot 30 gjester og vart driven til midt på 1990-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011