Hopp til innhold
X
Innhald

Østerbø Fjellstove

Østerbø Fjellstove. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø Fjellstove. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø Fjellstove i Aurlandsdalen er bygd på den gamle tradisjonen som fjellgardane i Aurlandsdalen har hatt med å huse ferdafolk på veg over fjellet.

Østerbø vart drive som gardsbruk til 1907, og seinare som støl. Frå 1950-talet satsa eigaren Johannes Midje og seinare også sonen Otto Midje meir medvete på utbygging av anlegget for turisme. I 1988 kjøpte Per Steinar Melås Østerbø Fjellstove. Etter Lillehammer-OL kjøpte han buseksjonar frå deltakarlandsbyen for utviding på Østerbø. Anlegget vart utvida med 10 hytter i 1996-1997, og det gamle fjøset er ombygd til konferansesal. Østerbø Fjellstove har i 2004 160 senger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011