Hopp til innhold
X
Innhald

Østerbø Turisthytte

Østerbø Turisthytte. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø Turisthytte. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Knut Østerbø, som ætta frå Hallingdal, og kona Eli fekk i 1894 tilskot frå Den Norske Turistforening til å drive turiststasjon med overnatting på garden sin i Aurlandsdalen.
Garden som ligg 820 meter over havet, vart driven til 1907. Sidan har den vorte driven som turisthytte. Knut Østerbø døydde i 1914, og systrene Eli og Ingebjørg Sønnerheim dreiv turisthytta fram til 1939, då systersonen Knut Sønnerheim overtok og dreiv til 1977.

Turisthyttene hadde god trafikk av byfolk under 2. verdskrig, og Østerbø turisthytte vart utvida med åtte gjesterom i 1944. Frå 1977 til 1989 var det fem medlemer av Sønnerheim-familien som dreiv hytta i fellesskap. I 1989 vart drifta omgjort til AS, og hytta med tomt skild frå i 1995. Frå 1996 har Inge Olai Sønnerheim vore eineeigar og dagleg leiar. Østerbø Turisthytte har i 2004 95 senger.

Østerbø sett frå vegen mellom Hol og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø sett frå vegen mellom Hol og Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011