Hopp til innhold
X
Innhald

Otternestunet

Otternestunet med Flåm i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Otternestunet med Flåm i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein av dei store turistattraksjonane i Aurland er Otternestunet, som ligg oppi bakkane på austsida av bukta inn mot Flåm.

Otternestunet tel i alt 27 hus. Det meste av tunet er bygd som eit såkalla rekkjetun fordi husa ligg tett i tett på rekkje langs den horisontale tunvegen, eller «gota», på oppsida.

Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I tunet kunne det bu opptil 30 personar. I tillegg kom husmennene som var busette ned ved fjorden. Seterdrifta og fjellbeita var svært viktige for dei brattlendte bruka på Otternes. Otternes var opphaveleg fire gardsbruk: Tomasgarden, Guttormgarden, Oddagarden og Andersgarden.

Frå 1974 har tunet vorte restaurert med hjelp frå Aurland kommune. Aurland kommune eig alle bygningane i tunet, men tidlegare eigarar har bruksrett til nokre av husa i tunet.

Nokre av husa i tunet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nokre av husa i tunet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011