Hopp til innhold
X
Innhald

Pål Bårdsson

Ein skulptur som framstiller Pål Bårdsson på frimerke i samband med kyrkjejubiléet i 1953. © Fylkesarkivet.

Ein skulptur som framstiller Pål Bårdsson på frimerke i samband med kyrkjejubiléet i 1953. © Fylkesarkivet.

Pål Bårdsson (ca. 1280–1346). Biskop. I 1321 tildelte biskop Audfinn i Bjørgvin inntektene frå Undredal kapellani til Pål, slik at han kunne gjere ferdig presteutdanninga si.

Pål Bårdsson gjorde truleg aldri teneste i den vesle stavkyrkja i Undredal, for i 1327 vart han utnemnd til kanslar hjå kong Magnus Eriksson og prost i Mariakyrkja i Oslo.

I 1333 vart han utnemnd til erkebiskop i Nidaros, og hadde embetet til han døydde i 1346.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011