Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Pedersøn Underdal

Peder Pedersøn Underdal (1802–1870) frå Underdal. Spelemann.

Meisterspelemannen gjekk under tilnamnet Store-vetle-Per, og spela m.a. i ei mengd bryllaup både i Sogn og på Voss, og komponerte også fleire slåttar sjølv. Den mest kjende slåtten er «Store-vetle-Per».

I 1850 kjøpte han seg gard på Leikanger. Omkom ved drukning då han fall ut av robåten sin på veg frå Aurland til Undredal hausten 1870.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008