Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Johan Fretheim

Peter Johan Fretheim (1847-1923) frå Aurland. Kjøpmann og skipskaptein.

Peter Johan Fretheim (1847-1923) frå Aurland. Kjøpmann og skipskaptein.

Fretheim overtok i 1884 handels- og forretningseigedomane som svigerfaren Hans Johannes Brun eigde på Aurlandsvangen og på Hermansverk. På Hermansverk bygde Fretheim m.a. eit hotell som framleis står som den kjende bygningen med verandaer i sveitsarstil midt i sentrum. Sjå Leikvang Hotell under Leikanger.

Fretheim vart kaptein i Fylkesbaatane i i 1889. Han gjekk konkurs i 1897, og eigedomane i Aurland og på Hermansverk vart selde på auksjon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011