Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Aurland

To fylkesbåtar i Gudvangen, måla av den engelske kunstnaren Henry Enfield. © Blomqvist Kunsthandel.

To fylkesbåtar i Gudvangen, måla av den engelske kunstnaren Henry Enfield. © Blomqvist Kunsthandel.

Heilt frå 1600-talet og fram til dei første dampbåtane vart sette inn i postruta Bergen –Lærdal i 1939, vart posten mellom Austlandet og Vestlandet frakta over innlandsruta Gudvangen og Voss. Men meinis gjorde ferda med postsekken til ei fårefull ferd i Nærøyfjorden. Det første lokale postkontoret i Aurland vart opna i Gudvangen i 1841. Men då fekk ikkje dette nye postkontoret adressa ”Gudvangen”, men ”Urland”. I dag får folk i heile Aurland kommune utført posttensetene sine i butikk, og postsorteringa vart i 2011 flytta frå Aurland til Lærdal.

Det første postkontoret i Aurland

«Urland postopneri» vart opna i 1841. Dette første postkontoret låg ikkje i Aurland, slik namnet kan tyde på, men i Gudvangen.

Farefull postferd i Nærøyfjorden

Den gamle postruta mellom Bergen og Oslo gjekk gjennom Nærøyfjorden og Gudvangen. Posten vart rodd mellom Gudvangen og Lærdalsøyri, men i isvintrar måtte postmannen hentast ved iskanten lengre ut i Nærøyfjorden.

Urland postopneri

- sjå Det første postkontoret i Aurland.

Vangen postopneri

- sjå Det første postkontoret i Aurland.

Undredal postopneri

- sjå Det første postkontoret i Aurland.

Gudvangen postopneri

– sjå Det første postkontoret i Aurland.

Aurland postkontor

- sjå Det første postkontoret i Aurland.

Undredal

fekk sitt eige, sjølvstendige postopneri i 1888 med Øistein Underdal som første poststyrar. I 1973 fekk det nemninga underpostkontor. Sjå elles Det første postkontoret i Aurland.

Flåm fekk postkontor i 1890. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm fekk postkontor i 1890. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm

fekk postopneri i 1890 med dampskipsekspeditør Christen O. Fretheim som første poststyrar. Eit brevhus med stempelet Håreina vart lagt ned og innordna under postadressa Flåm i 1967.

Styve

(Styvi ved Nærøyfjorden) fekk brevhus i 1899. Det endra status til postopneri i 1909. I 1921 vart namnet endra til Styvi. I 1929 vart det på nytt omgjort til brevhus.

Styvi brevhus

– sjå Styve.

Myrdal etter at Bergensbanen vart opna, men før Flåmsbana var bygd. Foto: O. Svanøe.

Myrdal etter at Bergensbanen vart opna, men før Flåmsbana var bygd. Foto: O. Svanøe.

Myrdal

fekk brevhus i 1900 i samband med bygging av Bergensbanen. Dette brevhuset fekk posten oppover frå Flåm og hadde adresse Myrdalen postopneri, Vatnahalsen. Ved opninga av bana i 1909 vart postopneriet flytta til jernbanestasjonen på Myrdal. I anleggstida gjekk postruta vidare søraustover til Hallingskeid. Truleg låg det eit brevhus på denne postruta ved Storekleiva.

Berekvam

i Flåmsdalen fekk brevhus i 1900 i samband med den store anleggstrafikken som gjekk gjenneom dalen under bygginga av Bergensbanen. I 1941 vart Berekvam omgjort til postopneri.

Opset

fekk postopneri i 1900. Det vart frå kring 1908 til 1910 berre halde ope frå mai til utgangen av september. I 1921 vart namnet endra til Upsete, og lagt ned i 1932. Det var opna med status som brevhus i 1937, mellombels nedlagt frå 1947 til 1953, og endeleg nedlagt i 1958.

Uppsete postopneri

– sjå Opset.

Øium

(Øyo) i Vassbygdi fekk brevhus i 1903. Frå 1904 vart postadressa på brevhuset endra til Veum i Vasbygden (også nemnt som ”Veim i Vasbygden). I 1993 vart postadressa endra til berre «Vassbygdi». Det vart lagt ned i 1961.

Veum i Vasbygden

brevhus – sjå Øium brevhus.

Vassbygdi brevhus

– sjå Øium.

Dalsbotten

i Flåmsdalen fekk brevhus i 1907. Det vart lagt ned i 1968.

Kårdal hadde brevhus i to periodar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kårdal hadde brevhus i to periodar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kårdal

i Flåmsdalen fekk brevhus 1907. det vart lagt ned 1941, men skipa på nytt i 1947. Brevhuset vart lagt ned for godt i 1959 og innordna under Myrdal.

Hylland

i Nærøydalen fekk brevhus i 1919. Det vart lagt ned i 1972 og innordna under Gudvangen.

Dyrdal

fekk brevhus i 1926, og endra til postopneri i 1928.

Vatnahalsen Hotell sett frå togvindauget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatnahalsen Hotell sett frå togvindauget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatnahalsen

«Vatnahalsen Hotell» vart eige brevhus i 1928, og var eit sesongbrevhus i perioden mellom februar og oktober. I 1933 vart brevhusnamnet endra til berre «Vatnahalsen». Det er uklårt om dette brevhuset låg nede ei tid, for i 1951 vert det på nytt skipa eit «Vatnahalsen» brevhus. Dette var ope i vintersportsesongen frå midten av febnruar til over påske, og ope i sommarsesongen frå midten av mai til slutten av september. Brevhuset vart lagt ned i 1968, og adressa dit vart deretter Myrdal.

Bakka

i Nærøyfjorden fekk postopneri i 1929 og fekk då nemninga «Bakka i Sogn». Frå 1973 fekk det status som underpostkontor, og i 1977 vart poststempelet endra til berre «Bakka». Kontoret vart lagt ned i 2000.

Skjerping

i Nærøydalen fekk brevhus i 1930. Namnet vart endra til Skjerpi i 1933. Brevhuset var lagt ned i 1958 og innordna under Gudvangen.

Skjerpi brevhus

– sjå Skjerping.

Flåmsbana

fekk mellombels status som brevhus med eige stempel i 1991 i samband med 50-årsjubileet.

Flåmsbana hadde eige poststempel ei stund. Her frå stansen ved Kjosfossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåmsbana hadde eige poststempel ei stund. Her frå stansen ved Kjosfossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2011