Hopp til innhold
X
Innhald

Postveg og skyssplikter

Frå postvegen langs Nærøyfjorden. Foto: Per Birger Lomheim. © Fylkesarkivet.

Frå postvegen langs Nærøyfjorden. Foto: Per Birger Lomheim. © Fylkesarkivet.

Postvegen mellom Bergen og Oslo gjekk over Voss og Gudvangen og med båt ut Nærøyfjorden til Lærdalsøyri, derifrå vidare over Filefjell mot Austlandet. Postvegen vart kalla Kongevegen, og var hovudsambandet mellom Vestlandet og Austlandet heilt til Bergensbanen vart opna i 1909.

Då poststellet i Noreg vart organisert i 1647, gjekk posten mellom Oslo og Bergen over Voss og Gudvangen.
Postvegen vart også Kongevegen og gjekk frå Oppheim og Stalheim ned den stupbratte Stalheimskleiva til Gudvangen, og med båt til Lærdal - før dampskipa tok over ruta direkte Bergen-Lærdal frå 1838. Kongevegen ned Stalheimskleiva og ned til Gudvangen gjorde at den eldre ferdslevegen Raundalen-Flåm-Aurland vart mindre brukt enn tidlegare.

Stalheimskleiva før 1900.

Stalheimskleiva før 1900.

Frå gamalt av var det folk frå bygdene Leikanger, Vangsnes, Feios og Fresvik som hadde vedlikehaldsplikt på vegen opp Nærøydalen. I 1824 vart dei avløyste for denne plikta som frå då vart lagt på folket i Aurland prestegjeld, men frå 1833 måtte Feios og Fresvik på nytt inn i plikttensta på vegen. I 1785 var Nærøy skipreide eitt skyssområde der seks bønder hadde skyssplikta på strekninga Gudvangen-Stalheim, og 12 bønder hadde rorsplikta på fjorden for embetsfolket som skulle skyssast til Lærdal eller andre bygder nord for Sognefjorden. Bonden på Styvi på austsida av Næryfjorden var postbonde, noko som gav fritak for militærteneste. Kring 1660 vart det bygd ein postveg eit stykke innetter stranda frå Styvi til ein stad der ein rodde over fjorden til Bakka på vestsida, og derfrå på ein sti innover til fjordbotnen i Gudvangen.

Slik såg isbåtane som vart brukte på Nærøyfjorden ut. Teikning: Bernhard Færøyvik.

Slik såg isbåtane som vart brukte på Nærøyfjorden ut. Teikning: Bernhard Færøyvik.

Fjordis og isbåtar

Det hende at fjordisen på Nærøyfjorden strekte seg så langt ut at ein ikkje kunne ro frå Dyrdal eller Styvi til Lærdal. Då måtte postmennene over fjellet til Fresvik og ro derifrå til Lærdalsøyri. Det hende også at postføraren nytta ruta over fjellet frå Drægo til Simlenes heilt ved utløpet til Aurlandfjorden og derifrå med robåt til Lærdalsøyri når fjordisen skapte hindringar. I Aurland var det vanleg å nytte såkalla ”isbåt” for dei som skulle ta seg fram på fjorden, også på isen vinterstid. Denne båttypen vart brukt av postførarane. Isbåtane hadde ikkje vanleg kjøl midt under, men meiar eit stykke ut under sidene slik at dei kunne dragast over isen som ein kjelke. Meiane tente også som kjølar, slik at isbåtane var stødige å ro. I 1856 vart det bygt veg Gudvangen-Bakka, mykje fordi reisande på vinterstid lettare kunne kome seg ut til isfritt vatn utan å ferdast over farleg is eller klive i isete berg utmed fjorden for å nå ut til skyssbåt ved iskanten. Den gamle postførarordninga mellom Gudvangen og Lærdal vart avløyst av Fylkesbaat-rutene på slutten av 1860-talet.

Gøymde kona i postbåten

Ein gong gjorde postbonden på Styvi ei retteleg prette for lærdølene som kom roande for å hente posten. Han fekk ei husmannskone som han hadde for handa til å leggje seg flat i båten medan lærdølene såg ein annan veg. Så lødde han postskreppene over kona. Då lærdølene kom eit stykke ut i fjorden, tok posten i bakskuten til å lea på seg. Roarane vart redde, men redsla snudde til harme då kona viste seg. Dei truga med å kaste henne på sjøen. Men Styvi-bonden stod inne på land og lo av opptrinnet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011