Hopp til innhold
X
Innhald

Prøveuttak av labradoritt i Bessefjellet

Bessefjellet ligg ved Aurlandsfjorden, rett over fjorden frå Undredal. Her sikra Kristiana Spigerverk med ingeniør Haakon Christensen seg retten til uttak av den kvite steinen labradoritt i 1917.

Det vart starta prøveproduksjon, men dei kom ikkje i gang med fast produksjon. Framleis ligg det kvit stein ved Bessefjellet som minner om prøveproduksjonen. Grunneigarane fekk årleg betaling for rettane, men kontrakten vart sagt opp på 1940-talet.

I 1918 fekk sersjant M. Asperheim rett til å ta ut bergarter på garden Øvre Arnehus ved Nærøyfjorden. Unnateke var edle metall. Same året vart bergverksretten på Arnehus overført til A/S Høyangsfaldene (sjå dette under Fossekjøparane i Høyanger).

Det vart ikkje starta bergverksdrift på Arnehus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008