Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Blakstad

Ragnvald Blakstad.

Ragnvald Blakstad.

(1866-1929). Fødd i Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.

Han var son til Erik Blakstad som saman med Ole H. Holta starta eit trelastfirma - Blakstad, Holta & Co - i Skien. (Holta-familien stod seinare sentralt som utbyggarar av krafta i Skiensvassdraget og som eigarar av Tinfos Papirfabrik, Tinfos Jernverk og Skiens Aktiemølle, og dei vert rekna som grunnleggjarar av industribyen Notodden. Dei eigde dessutan rederiet O. & H. Holta).

Kjøpte fallrettar i stor stil

Ragnvald Blakstad flytta til Arendal i 1888 og starta først med eksport av trelast og kolimport, og med eigedomshandel i stor stil då reiarnæringa i Arendal kom i krise og måtte selje unna. Men etter kvart skulle Blakstad verte ein av Noregs fremste «fossespekulantar» i åra kring 1900. Han var ein av fleire som i den første elektrifiseringstida kjøpte opp fallrettar i stor stil, først i Arendalsvassdraget.

Blakstad gjorde i 1896 opptaket til skipinga av Aktieselskabet Arendals Fossekompani, som kjøpte opp fallrettar i Nidelvvassdraget på Sørlandet. Her var også Blakstad sine brør og Holta-familien medeigarar.

Gav Arendal elektrisk lys

I 1897 kjøpte Blakstad Eivindstadfossen i Froland, der det vart bygd kraftverk i 1904, og i 1898 kjøpte han store fallrettar i Barbuelva. Kraftverka der gav m.a. Arendal by elektrisk lys i 1900. I desse åra freista han å skaffe kapital til oppkjøps- og kraftprosjekta sine frå den mektige Wallenberg-familien i Sverige, utan å lukkast særleg med det i første omgang.

Avtale med Wallenberg

Men i 1906 fekk fekk Blakstad likevel ein avtale med Wallenberg om at han – med lovnad på ein sjuandepart av gevinsten – kunne setje i gang oppkjøp av norske fossefall i stor stil – m.a. Tokke og Høgefoss i Telemark, Aura og Mardalsfossen i Romsdal, og Nyset-Steiggje-vassdraga i Årdal og fallrettar i Flåm. Yksenelvane og Åskora i Ålfoten hadde Blakstad alt sikra seg i 1899. I 1910 skipa han A/S Aura som i 1913 fekk konsesjon til utbygging av Litledalselva, Auraelva og Mardøla. Samstundes skipa han Nitrogen Products and Carbide Co. Ltd. som skulle byggje karbidfabrikk på Sunndalsøra. Også i Ålfoten lova Blakstad at krafta frå Yksenelvane og Åskora skulle nyttast til ein karbidfabrikk på Sigdestadneset, men både der og på Sunndalsøra sette utbrotet av 1. verdskrig ein stoppar for planane.

Sette Sam Eyde på sidelina

Blakstad hadde også samarbeidd med Hydro-gründeren Sam Eyde (1866–1940) om kjøp av Tyssefalla i Hardanger. Der vart AS Tyssefaldene skipa i 1906, og selskapet starta kraftutbygginga under leiing av generaldirektør Sam Eyde. I Tyssedal vart det bygd karbidfabrikk. Men ved eit aksjekupp som var styrt av Wallenberg-familien, vart Sam Eyde plassert på sidelina i Tyssedal i 1910, og den som tok over som generaldirektør var den nye «Wallenberg-yndlingen» Ragnvald Blakstad. Med dette kuppet vart Blakstad ein leiande person i norsk kraftproduksjon og utbygging av kraftkrevjande industri: I 1913 sikra han seg kontrollen over Alby United Carbide Factories Ltd., som kort tid etter bygde stor karbidfabrikk i Odda.

Planar om kraft frå vest til aust

I 1917 lanserte Blakstad dei første planane om kraftoverføring frå fossekraftverka på Vestlandet til Sør- og Austlandet, men var nok litt for tidleg ute med slike idéar. I 1916 starta han kraftutbygging i Høgefoss i Telemark, og i 1917 skipa han Det Norske Jernverket AS som skulle byggje stål- og valseverk i Risør. Men planen møtte politisk motstand, og i 1919 måtte Blakstad selje Høgefoss til Aust-Agder fylke.

Offer for nedgangstidene

Under høgkonjunkturen kring 1. verdskrig starta Blakstad fleire reiarlag, og dreiv elles m.a. Jakobsens Maskinverksted, Nordre Foss Mølle AS og Nordisk Tekstil AS. Men mykje av det som Blakstad hadde skapt både på Vestlandet og Sørlandet, gjekk med i dragsuget då nedgangstidene kom kring 1920. Med unntak av nokre eigedomar i Risør måtte han selje unna det meste. Falla i Ålfoten hadde Blakstad selt unna for 900.000 kroner i 1917, men resten av fossane hans gjekk no på billegsal.

Planar om cellulosefabrikk

I 1923 var Blakstad likevel i gang att med ny industri, denne gongen A/S Risør Træmassefabrikk. Han hadde store planar om utviding til stor cellulosefabrikk, men døydde før han kom så langt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011