Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Terum Winjum

Ragnvald Terum Winjum (1917-1965) frå Aurland. Bonde, overrettssakførar og Venstre-politikar.

Ragnvald Terum Winjum (1917-1965) frå Aurland. Bonde, overrettssakførar og Venstre-politikar.

Gjekk Sogn Jord- og hagebruksskule 1935-1937, cand. jur. 1949. Sekretær i Riksskattestyret 1949-1950, dommarfullmektig i indre Sogn 1951-1952, bonde og sakførar i Aurland frå 1953 til han døydde.

Første fylkesordføraren

Ordførar i Aurland frå 1960, og den første som vart valt til fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Men han vart alvorleg sjuk, og fekk aldri oppleve å leie eit fylkesting.

Vararepr. for Venstre på Stortinget 1961-1965, og møtte to gonger på Stortinget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2011