Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsbedrifter i Aurland

Fretheim Hotel i Flåm vart grunnlagt i 1894. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotel i Flåm vart grunnlagt i 1894. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

- hotell, pensjonat og turistanlegg. Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Første gjestgiveriet på Vangen

Den første som fekk gjestgjevarløyve med brennevinsskjenking på Vangen var korporal Sivert Johannessen i 1726. Han fekk også løyve til å selje tobakk og kornvarer. Dette første gjestgiveriet låg på bygdealmenningen om lag rett ned for inngangen til kyrkja. Men også kompanisjefen, oberst Jakob Meidell sr. som budde like ved gjestiveriet, på Aabelheim, hadde skaffa seg løyve til å drive litt varehandel.

Gjestgiveri og handel på Onstad

Gjestgjevaren på Vangen, Sivert Johannessen, fekk I 1737 også løyve til å drive gjestgiveri på garden Onstad på sørsida av Aurlandselvi.

Gjestgjevarstaden Arnehus

På vestsida av Nærøyfjorden, litt nord for Dyrdal, ligg garden Arnehus. Sjølv om bygda i dag ligg veglaust og aude til, kom det alt kring 1700 eit kremmarleie og gjestgjeveri her.

Postkort frå Nærøydalen ca. 1910. På denne tida kom mange turistskip til Gudvangen, og turistane vart skyssa med hset og vogn opp til Stalheim. Foto: C. A. Erichsen.

Postkort frå Nærøydalen ca. 1910. På denne tida kom mange turistskip til Gudvangen, og turistane vart skyssa med hset og vogn opp til Stalheim. Foto: C. A. Erichsen.

Turiststaden Gudvangen

Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden spela den same rolla kring 1900 som Flåm har gjort seinare som det største turistsenteret i Aurland.

Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen

Gudvangen vart eit naturleg kvilepunkt for både postførarar og reisande, og her vart det første gjestgiveriet opna i 1805 av Jens Knutsen Kappadal.

Schultz Hotell

- sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Wilmans hotell

i Gudvangen frå 1840-talet - sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Nærøyfjorden har i lange tider trekt turistar, og med verdsarvstatus er det håp om at endå fleire kjem for å oppleve den særmerkte naturen. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Nærøyfjorden har i lange tider trekt turistar, og med verdsarvstatus er det håp om at endå fleire kjem for å oppleve den særmerkte naturen. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Hellands Hotell

I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde ”Hellands Hotell” like ved Schultz Hotell. - Sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Wangen Hotell i 1905. Biletet er truleg teke under feiringa av unionsoppløysinga. © Fylkesarkivet.

Wangen Hotell i 1905. Biletet er truleg teke under feiringa av unionsoppløysinga. © Fylkesarkivet.

Vikingvang Hotell & Café

- Sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Hansens Hotell

- Sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Gudvangen Hotell

- Sjå Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Wangen Hotell

vart starta i 1868 av Hans Johannes Brun i det såkalla ”Juell-huset”.

Vangen Motell og Rorbuer

frå 1972 – sjå Wangen Hotell.

Vangsgaarden Gjestgiveri og Rorbuer

– sjå Wangen Hotell.

I resepsjonsområdet på Fretheim Hotel er den gamle stasvogna til Christian Fretheim stilt ut. Vogna er truleg frå 1912 og er ei av 20 vogner som var i bruk på Fretheim Skysstasjon. I denne vogna sat Kong Haakon VII og Dronning Maud frå Myrdal til Flåm då dei var på vitjing i 1914. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotel

i Flåm vart grunnlagt av bonde Christen O. Fretheim i samband med at anleggsarbeidet på Bergensbanen starta i 1894.

Fretheim Hotel ca. 1900.

Fretheim Hotel ca. 1900.

Østerbø Turisthytte

Knut Østerbø, som ætta frå Hallingdal, og kona Eli fekk i 1894 tilskot frå Den Norske Turistforening til å drive turiststasjon med overnatting på garden sin i Aurlandsdalen.

Østerbø, der vi finn Østerbø Turisthytte og Østerbø Fjellstove. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø, der vi finn Østerbø Turisthytte og Østerbø Fjellstove. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Steinbergdalen Turisthytte

vart bygd i 1895 av Den Norske Turistforening. DNT dreiv hytta til 1961 då Signe og Jon Fimreite frå Aurland overtok. I 2002 overtok sonen Johannes Finreite og ektemaken Margunn Tokvam turisthytta som har 48 senger.

Hotel Vatnahalsen

vart bygt av legen Haakon Fretheim i 1896.

Vatnahalsen Høgfjellshotell

- sjå Hotel Vatnahalsen.

Opset Hotel

I 1902 kjøpte Torstein Jonsson Fretheim ein landhandel på Uppsete og tok til å leige ut rom til reisande.

Uppsete Fjellstove

- sjå Opset Hotel.

Svingen Pensjonat

- sjå Erik A. Vangen under Industri og næring i Aurland - 1930-talet.

På dette biletet ser vi Østerbø Fjellstove midt i biletet med Østerbø Turisthytte lengst unna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På dette biletet ser vi Østerbø Fjellstove midt i biletet med Østerbø Turisthytte lengst unna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Østerbø Fjellstove

i Aurlandsdalen er bygd på den gamle tradisjonen som fjellgardane i Aurlandsdalen har hatt med å huse ferdafolk på veg over fjellet.

Berekvamskaféen

vart starta øvst i Flåmsdalen i 1909 av Ola J. Berekvam.

Flåm Hotel

vart starta i 1911 av lærdølen Hans Tønjum.

Kafé Solhaug

kafé og pensjonat vart starta i Flåm i 1924 av Odmund Skaar. Truleg vart verksemda lagd ned etter berre kring tre års drift.

Heimly Pensjonat

i Flåm vart starta i 1931 av Marta og Torstein Tokvam.

Svingen Pensjonat

- sjå Heimly Pensjonat.

Gudvangen Camping. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gudvangen Camping. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gudvangen Camping

vart starta av Johannes Gudvangen i 1957. Dette var den første campingplassen i Gudvangen, og Johannes dreiv også utleige av fiskerettar i elva. I 2004 overtok sonedottera Lene Hagen drifta av campingplassen, som i 2007 har 11 hytter.

Martin Gudvangen

bygde dei tre første campinghyttene i Gudvangen på garden sin tidleg på 1960-talet. Seinare har sonen Sigmund, som overtok i 1982, utvida campingplassen med fleire hytter.

Vang Camping i Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vang Camping i Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vang Camping

i Gudvangen vart starta i 1963 av Martin Larsen. Sonen Svein Larsen og ektemaken Norunn overtok i 1980, og i 2004 overtok deira dotter Siri Larsen Ramsøy drifta av campingplassen. I 2007 hadde Vang Camping 12 hytter.

Ryggjatun i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ryggjatun i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ryggjatun Pensjonat

på Aurlandsvangen vart starta i 1967 av Henry og Kristin Mathisen. Sonen Tor Mathisen overtok seinare og bygde Ryggjatun ut som hotell med kring 80 senger. Sidan 2001 har bygget vorte nytta som asylmottak, og det har vore fleire eigarskifte. I 2007 vart hotelldrifta teken opp att.

Lunde Camping

i Aurland vart starta i 1967 av Ingeborg og Per Lunde. Sonen Jens Lunde jr. og ektemaken Ann Magret kom med i drifta i 1980 og tok over i 1988. Lunde Camping har i alt 17 bueiningar, derav 13 mindre hytter, to større utleigehytter og to andre husvere. Campingplassen har oppstillingsplass for kring 80 campingvogner og bubilar.

Aurland Fjordstue

vart bygd på Aurlandsvangen i 1972 av Steinar Wangen. Hotellet fekk frå starten 18 rom 40 senger.

Aurlandsdalen Hotell

– sjå Aurland Fjordstue.

Aurland Fjordhotell

– sjå Aurland Fjordstue.

Flåm Camping og Vandrarheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Camping og Vandrarheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Camping og Vandrarheim

vart starta i 1973 av ekteparet Nelly og Knut Brekke.

Furukroa

i Flåm vart starta i 1988 av Torstein Åsen, Terje Tokvam, Leif Horvei og Olav Grindheim.

Ægir Bryggeri og pub

– sjå Furukroa.

Flåmsbrygga Hotell

– sjå Furukroa.

Gudvangen Fjordtell

har utgangspunktet i Gudvangen Hotell som vart starta på 1870-talet av ein Winger. Sjå elles Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen.

Gardsturisme på Styvi

I 1991 sette Kjellaug og Botolv Hov med gardsturisme og har og opna eit gardsmuseum.

Gardsturisme i "uren, luren"

I 1994 starta Hege Maria Evjent Strømme og Charles Dee Cunningham med gardsturisme på Stigen høgt over Aurlandsfjorden.

Saga Souvenir i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Saga Souvenir i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Saga Souvenir AS

i Flåm vart starta av Jason Sowerby i 1992. Steinar Wangen vart medeigarar i 1994, og overtok fullt ut i 1998. Verksemda har i 2004 tre utsal i turistbygda og sysselset 15 personar i sesongen.

Skahjem Gard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skahjem Gard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skahjem Gard

i Aurland vart starta av gardbrukar Nils Tore Skahjem og ektemaken Dagrunn då dei i 1994 bygde om løa på garden til sju utleigeleiligheter for turistar.

Skaim Hytter

i Aurland vart starta i 1994 av Hallgeir Aasen. Han har ni utleigehytter i anlegget i tillegg til teltplassar.

Fretheim Fjordhytter.

Fretheim Fjordhytter.

Skresanden Hytter

i Aurland vart starta i 1994 av John Turlid. Han driv i tillegg med utleige av fiskerettar i Aurlandselvi.

Fretheim Fjordhytter

i Flåm vart starta av ekteparet Sue og Anders Fretheim i 1995. Anlegget omfattar fire utleigehytter.

Flåm stasjon. Flåm Utvikling AS har m.a. ansvaret for drifta av Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm stasjon. Flåm Utvikling AS har m.a. ansvaret for drifta av Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Utvikling AS

vart skipa i 1997 av Aurland kommune, Aurland Sparebank og SIVA for å leige og drive Flåmsbana, eit av Noregs mest populære turistmål. Selskapet driv også turisthamna og postfilialen i Flåm, og samarbeider tett med Fretheim hotell om marknadsføring.

Ein av båtane til Flåm Guide Service AS som blir brukt til å frakte turistar på fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein av båtane til Flåm Guide Service AS som blir brukt til å frakte turistar på fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Guide Service AS

vart starta i 2001. Firmaet driv guiding på Flåmsbana, på fjellturar og sykkelturar, og tilbyr turistane fjordsafari med to RIB-båtar på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Nærøy Kulturhistoriske Anlegg AS

vart starta i 2004. Selskapet har bygd opp ein vikinglandsby i Gudvangen, den første vikingmarknaden vart halden i 2003. Aurland Ressursutvikling AS eig 85% av aksjane i selskapet.

Flåm Ferdaminne

vart starta i 2004 av Anny-Irene Mykkeltvedt.

Flåm Marina & Appartement AS

vart starta i 2004 av Ragnar og Jørund Vidme.

Togrestauranten-Flåm AS

- sjå Flåm Marina & Appartement AS.

Toget Café

- sjå Flåm Marina & Appartement AS.

Toget Café i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Toget Café i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.06.2012