Hopp til innhold
X
Innhald

Religiøst liv i Aurland

Bedehuset på Aurlandsvangen.

Bedehuset på Aurlandsvangen.

Aurland fekk tidleg kontakt med den religiøse rørsla kring Hans Nielsen Hauge, som vitja Aurland i 1802.

Den som bygde opp ein haugianarflokk i Aurland var handelskaren Torstein Bjørgum. Han bydge seg ei eiga hytte på Bjørgo til å halde bønemøte i. Den aktive presten Eilert Patric Juul var ein mann av haugianar-tradisjonen.

Det første misjonslaget i Aurland vart skipa i 1856 etter opptak frå sokneprest Borckrevink. Laget hadde møta sine i prestegarden, og vart i daglegtale kalla for «Prestegaardsforeningen».

I 1898 vart det skipa lokallag for Kina-misjonen, og Santalmisjonen i 1910. I 1909- 1910 gjekk det ei sterk religiøs vekking gjennom Aurlands-bygdene, og dette resulterte i at det vart skipa indremisjonslag i 1910, og bygt eige bedehus i 1912.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2011