Hopp til innhold
X
Innhald

Riddarkappa på Flåms-altaret

Flåm kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåm kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåm kyrkje vart bygd i 1670. Byggmeister Magne Essen.

Flåmskyrkja er rikt dekorert innvendig med måla akantusrankar på veggane både i kyrkjeskip og kor. Altartavla er frå 1600-talet og preikestolen frå 1667. Ei venesiansk riddarkappe frå 1300-talet er brukt som altarduk. Denne kappa som er voven i halvsilke med silke, lintråd og sølvtråd, skal vere den einaste av dette slaget i Noreg, og det er ikkje kjent korleis den har hamna som altarduk i Flåm – i litt omsydd form. Altarkalken og kyrkjeklokka er frå 1500-talet.

Skadd av flaum

I storflaumen 28. oktober 2014 vart Flåm kyrkje skadd. Flaumvatn frå Flåmselvi stod eit godt stykke over kyrkjegolvet, og store mengder slam vart liggande att. Dette førde til at kyrkja vart stengd i lang tid.

flåm kyrkje.jpg?w=600

Flåm kyrkje. Foto: Asgeir Heimdal Reksnes, NRK.

To kyrkjer

I Flåm stod det to kyrkjer i mellomalderen: Ei der noverande kyrkje ligg oppe i dalen, og ei på Fretheim nede ved fjorden. Den første stavkyrkja på Flåm er nemnd kring 1340. Ho vart riven i 1670. Kyrkja på Fretheim er nemnd i 1360 og kan ha vore eit privat kapell for folket på storgarden. Ein haug på Fretheim skal i 1902 ha vorte nemnt som «Kyrkjehaugen».

Lysestake frå stavkyrkja på Fretheim.

Lysestake frå stavkyrkja på Fretheim.

Kyrkja bles ned

Før dagens kyrkje stod ferdig på garden Flåm i 1670, vart det i 1668 sett opp ei kyrkje på Fretheim, men den bles ned i 1669.

Dans etter preika

I Flåm var det ikkje uvanleg i gamle dagar at det vart skipa til dans etter preika, og folk skjenkte seg godt av både brennevin og øl som vart selt i smug rundt kyrkja. I 1824 skreiv biskop Jacob Neumann at «Sedeligheden i Urland prestegjeld ikke stod på nogen fast og sikker Fot. Nattesvermerie og Vaakestuer har slet Indflydelse på Moralen.» I 1826 rapporterte bispen at «Sedeligheden syntes at være i ydderligere Forfald». Dessutan rapporterer bispen om «Nattesvermeri og Ridning om Natten til Stølen av vill og uregjerlig Ungdom, Dans og Støi paa Helligdage». Det har nok kome seg i 1838, for då skriv bispen i visitasmeldinga at «Menigheden fortjener nu et bedre Skudsmaal i de moralske Forhold», for no fann han mindre både av «Ukyskhed og Drukkenskab» i Vang prestegjeld.

Fretheim gard, der det stod ei kyrkje i mellomalderen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim gard, der det stod ei kyrkje i mellomalderen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015