Hopp til innhold
X
Innhald

Rosendahl og Brun-epoken på Vangen

Aurlandsvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bergensaren Knut M. Rosendahl starta i 1849 handel i «Juell-huset» på Vangen.

I 1853 selde han eigedommen til den 27 år gamle Hans Johannes Brun. Rosendahl var onkel til Bruns ektemake. Hans Johannes Brun var dessutan son til kjøpmann Herman Brun på Hermansverk. I Leikanger hadde Hans Johannes Brun drive stor handelsverksemd i eit par år før han i 1853 valde å satse på Aurlandsvangen og flytta dit.

Lordabygningen som husa engelske laksefiskarar og reinsjegerar. Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Lordabygningen som husa engelske laksefiskarar og reinsjegerar. Foto: Aurland lokalhistoriske arkiv.

Tok imot engelskmenn

På Vangen bygde han om og utvida det gamle «Juell-huset» med ein ekstra etasje kring 1860 slik at det også romma eit hotell. Brun bygde straks etter eit hus som seinare vart kalla Engelskbygningen og Lordabygningen fordi han tok imot engelske reinsjegrar og laksefiskarar der.

Lordabygningen står der framleis, i noko ombygd stand. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lordabygningen står der framleis, i noko ombygd stand. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjøpte kyrkja

I 1861 kjøpte han Vangen kyrkje og starta restaurering. Han reiv eit gamalt galleri og brukte bygningsdelar av dette til ei ny handelsbu - som no er den eldste delen i Brødrene Wangen si forretning på Vangen.

Allsidig næringsaktivitet

I 1874 bygde Brun dampskipskai og sjøbuer, og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Hans Johannes Brun var i tillegg poststyrar, hadde bakeri på Vangen, dreiv mølle i Skjerdal, og hadde fargeri og garveri i Skinnarviki. Brun kjøpte kring 30 gardar kringom i kommune. Då Telegrafverket bygde den første telegraflina Oslo-Bergen i 1858, var Brun lokal kontaktmann for arbeidet i Aurland.

Aurlandsvangen med Vangen kyrkje i 1880.

Aurlandsvangen med Vangen kyrkje i 1880.

Brun-epoken tek slutt

Etter at Hans Johannes Brun brått døydde i 1886, måtte enkja Hanna Marie (1833-1910) ta over og styre eigedommane saman med ni born. Ho gjekk på folkemunne i Aurland som «madam Brun».

Etter ei tid overtok svigersonen Peter Johan Fretheim alle Brun-eigedommane både i Aurland og på Hermansverk, men i 1897 vart buet slege konkurs og delt opp ved tvangsauksjon.

Torstein Vangen kjøpte handelsbua, kaia, sjøbuene og fargeriet. Dette utvikla seg seinare til det kjende firmaet Brødrene Vangen. Ellend Vangen kjøpte hotellet, bakeri og garveri, og overtok post og telegraf. Hotellet vart seinare Wangen Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011